På vitjing hjå Kongen

Kva er vel ikkje meir obligatorisk enn ein rundtur på Slottet når ein kun er i hovudstaden eit par gongar i året? Eg rusla litt rundt og såg på eit vaktskifte, samt kika litt på folk som tok bilete og knipsa eit knippe sjølv:

Når flagget er til topps, då er Kongen inne. Eg prøvde å vinke, men han vinka ikkje attende. Han såg meg sikkert ikkje.

I 1868 leverte Brynjulf Bergslien ei skisse i konkurransa om ei rytterstatue av Carl Johan. Kjende utenlandske bilethoggarar hadde óg meldt si interesse, men opinionen var i mot at utlendinger skulle få oppdraget. Bergslien fekk derfor økonomisk støtte til å lage eit større utkast. Det endte med at Bergslien fekk oppdraget med å lage den største enkeltskulptur i bronse som nokon gong er vorten reist i Noreg.

Støypt i København og avduka på Slottsplassen av Kong Oscar II 7. september 1875.
Innskrift: “Folkets Kjærlighed min Belønning”
Der står han i all si prakt og skuar ut over alle dei handlelystne ned i Karl Johans Gate
Published in: on 13. desember 2009 at 23:22  Legg igjen en kommentar  
Tags:

The URI to TrackBack this entry is: http://berrfott.wordpress.com/2009/12/13/pa-vitjing-hja-kongen/trackback/

RSS-strøm med kommentarer til dette innlegget.

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.