Oslo har vore litt snudd på haudet det siste døgret. Barack Obama, den sittende amerikanske presidenten har vore på besøk for å motta Nobels fredspris. Kvifor nemner eg dette, tenkjer du kanskje? Jo, for eg er i Oslo for helga, og flyet mitt landa midt i heile kalasen.

Air Force One sto dersom ei kongeleg ørn og venta på presidentens kortesje, medan mitt fly vart geleida langt ut i bushen for å ikke stå i vegen for følget. Deretter vart alle passasjerane trykt inn i én buss, som sild i tønne, før vi vart shippa inn til terminalen. Ein amerikansk president må ha litt større armrom enn oss vanlege borgarar av sikkerheitsmessige årsakar.
Du trur no kanskje at eg hadde litt i mot denne uregelmessige opplevinga, men då må eg skuffe deg. Hendinga går nemleg inn i boka som ein spanande og nærvepirrande nær-presient-oppleving. Men såg eg han? Dessverre ikkje.